LOVER OG VEDTEKTER FOR HARDANGER MC-KLUBB


§ 1. FORMÅL

§ 1.1. Klubben skal gjennom samarbeid og kameratskap, fremja eit sunt og trivelig motorsykkelmiljø.
§1.2. Samarbeid er at alle tar sin del av arbeidsoppgåvene som fell under eit medlemskap, og det å ha eit eige klubbhus.
§ 1.3. Medlemmane skal vere aktive.
§ 1.4. Kameratskap er at me skal kunne samarbeide, ha respekt og tillit til kvarandre og verdsetje kvarandre for dei evnene og personlighetane me har.

(§ 2. TILSLUTTNING)
Paragraf er slettet vedtatt på ekstra ordinært årsmøte 06. desember 2019

§ 3. MEDLEMMER
Prøvemedlem:
§ 3.1. For å bli oppteken som prøvemedlem, må ein bli anbefalt av eit hovudmedlem. Familiemedlem evt. sambuar, skal ikkje kunne anbefale prøvemedlemmet.
§ 3.2. Styret skal ved vanlig fleirtal, ta stilling til om den anbefalte personen skal få bli prøvemedlem.
§ 3.3 Sambuar eller ektefelle av hovudmedlem, kan om ynskjeleg søkje medlemskap på lik linje med andre, sjølv om dei ikkje innehar mc lappen.
§ 3.4. Prøvemedlemmet skal vera fylt 18 år.
§ 3.5. Prøvemedlemmet skal ha førarkort for MC.
§3.6. Prøvemedlemmer har ikkje stemmerett.
§ 3.7. Etter 1 år skal prøvemedlemmet vurderast for opptak til hovudmedlem. Her skal styret koma med ei anbefaling til medlemmane på førstkomande medlemsmøte etter at prøvemedlemmet har gått 1 år, og dei frammøtte på medlemsmøte skal ved vanleg fleirtal stemme over prøvemedlemmets overgang til hovudmedlem.

Hovudmedlemmer:
§ 3.8. Hovudmedlem har rett til å bera ryggmerke.
§ 3.9. Ein skal ikkje skjende ryggmerke, og ein skal respektera andre sine ryggmerke.
§ 3.10. Ryggmerket/vest kan ikkje lånast bort, og heller ikkje nyttast dersom ein avsluttar medlemskapet sitt.
§ 3.11. Ryggmerket skal nyttast på MC treff og andre MC relaterte arrangement.
§ 3.12. Eit medlem skal kunna bera ryggmerket sitt med stoltheit, utan at andre i klubben har gjort ting som kan bli relatert negativt til klubben pga. merket.
§ 3.13. Hovudmedlemmer har rett til husnøkkel.
§ 3.14. Hovudmedlemmer skal ikkje låne bort husnøkkel, men kan låne denne bort til annet
hovudmedlem eller eige anbefalt prøvemedlem.
§ 3.15. Hovudmedlemmer har lov til og leige klubbhuset til private arrangement. Styret avgjer kvar forespurnad fortløpande.
§ 3.16. Hovudmedlem som leiger klubbhuset pliktar å betale husleige, og står ansvarlig for klubbhuset og alle eigendelar inni huset, gjennom heile leigeperioden. Dette omfattar spesielt motorsyklar og barbruk. Klubbhuset skal overlevarast til klubben, ryddig og reint.
§ 3.17. Hovudmedlemmer har rett til og nytta klubbhuset når ein ynskjer. Dersom klubbhuset er utleigt, fell denne retten bort for alle i det aktuelle tidsrommet.
§ 3.18. Alle medlemmar har rett til å delta på alle dei ulike HMCK sine arrangement.
§3.19. I særskilte tilfeller kan styret fremje forslag til å gje hovedmedlemskap før eit års prøvetid er gått.
Støttemedlemmer
§ 3.20 For å bli oppteken som støttemedlem, må ein bli anbefalt av eit hovudmedlem.
Kriterium er at personen har deltatt på dugnader for HMCK.
§ 3.21 Styret skal ved vanleg fleirtall ta stilling til om den anbefalte personen skal få bli støttemedlem.
Endelig opptak av støttemedlem blir avgjort på medlemsmøte.
§ 3.22 Støttemedlem har ikkje stemmerett.
§ 3.23 Støttemedlemmet har rett til å nytte klubbhuset, dersom eit hovudmedlem er tilstades.
Ved arrangement er invitasjonen personleg, og gjev ikkje anledning til å ta med eigne gjester.

§ 4. HARDANGERTREFFET
§ 4.1. Alle medlemmar har plikt til og aktivt vera med å arrangere Hardangertreffet.
§ 4.2. Hardangertreffet er ein arbeidshelg, og ein plikter å være edru på vakt og søndagen for opprydding.
§ 4.3. Arbeid og sjukdom gjev fritak for § 4.1 og § 4.2.

§ 5. KONTINGENT
§ 5.1. Kontigenten skal fastsetjast på årsmøtet og betalast forskotsvis.
§ 5.2. «Kontingenten omfattar medlemskontingent i NMCU.
Dersom eit medlem ikkje ønskjer medlemsskap i NMCU, går kontingenten i si heilheit til HMCK»
§ 5.3. Hovudmedlemmar som ikkje har betalt innan årsmøte, har ikkje stemmerett på årsmøtet.
§ 5.4. Medlemmer som ikkje har betalt kontigenten innan årsmøtet, skal strykast som medlem.
§ 5.5. Kontigenten skal betalast inn innan 31. desember, kvart år.
§ 5.6. Ny prøvemedlem skal betale vanlig kontingent for antall måneder som gjenstår av året. Gjeld frå fyrste heile månad etter dei vart tekne opp som prøvemedlem.

 

§ 6. MEDLEMSMØTER
§ 6.1. Medlemsmøter skal haldast ein gong kvar månad i vinterhalvåret.
§ 6.2. Medlemsmøter skal i sommarhalvåret haldast så ofte som styret finn det nødvendig.

§ 7. ÅRSMØTE
§ 7.1 Årsmøte skal haldast kvart år. Fortrinnsvis siste helga i januar eller første helga i februar.
§ 7.2 Innkalling til årsmøte skal være skriftleg å skje minst 3 veker på førehand.
§ 7.3 Årsmøte skal handsame årsmelding, årsrekneskap, innkomne forslag, forslag om endring av vedtekter,
val av styre og ulike komitear. Avstemming om klubben skal arrangere treff til komande år.
§ 7.4 Årsmøtet kan gjere vedtak med det antall medlemmar som møter, og evt. førehandsrøyster og fullmakter.
§ 7.5 Innkomne forslag skal være levert til styret seinast ved årsslutt (31.12)
Motforslag til innkomne forslag sendt ut med innkalling, må sendast til styret seinast 1 veke før årsmøtet.
Motforslag vert sendt ut omgåande etter fristen.
§ 7.6 Avstemming/valg skal gjerast skriftleg dersom eit medlem krev det.
§ 7.7 Innkomne forslag som ikkje gjeld endring av lover og vedtekter, blir avgjort ved vanleg fleirtall.
§ 7.8 Valg som ikkje gjeld endring av lover og vedtekter, gjev anledning til å nytta førehandsrøyster
og /eller fullmakter.
§ 7.9 Førehandsrøyster og /eller fullmakter skal leverast til styret eller valnemnda før årsmøtet tek til,
og være underteikna, eller pr. mail.
§ 7.10 Dei vedtak som vert fatta, må være i samsvar med NMCU sine lover.

§ 8. EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE
§ 8.1. Ekstraordinært årsmøte skal haldast dersom styret avgjer det.
§ 8.2. Ekstraordinært årsmøte skal haldast dersom 1/3 av hovudmedlemmane krev det. Kravet skal skje skriftlig til styret, og 1/3 av medlemmane må underteikna kravet.
§ 8.3. Innkallinga skal skje med minst 14 dagers varsel.
§ 8.4. Styret eller dei medlemmane som krev ekstraordinært årsmøte, skal stå for skriftelig innkalling, saksliste m.m. Dei skal også styre og gjennomføre møtet.

§ 9 STYRET
§ 9.1. Klubben skal leiast av eit styre, samansett av formann, sekretær, kasserar og 2 styremedlemmer.
§ 9.2. Det skal vere 2 varamenn. 1.varamann er den som har fått flest stemmer på valg.
§ 9.3. Styret skal innad velje ein nestformann.
§ 9.4. Varamennene skal ha innkalling på lik linje som styret, og ha rett til å vere med på styremøter m.m.
§ 9.5. Varamenn har uttalerett på styremøter, og stemmerett dersom andre i styret melder fråvær.
§9.6. Leiar av eventuelle undergrupper deltek på styremøter etter behov.

§ 10. ARBEIDET TIL STYRET
§ 10.1. Formann har den daglige leiinga av klubben. Han/ho leiar styret sitt arbeid og klubben sine møter dersom ikkje anna er bestemt.
§ 10.2. Sekretær skal føre protokoll ( referat ) frå alle styremøte, medlemsmøte og årsmøte. Han / ho skal i samråd med formannen føre klubben sin korrespondanse og vere arkivar for klubben.
§ 10.3. Kasserar skal føre klubben sitt regnskap og medlemslister.
§ 10.4. Kasserar disponerar klubben sine midlar på vegne av klubben, og midlane skal setjast inn i bank.
§ 10.5. Styremedlemmane skal delta på styremøtene, og har stemmerett i styresaker.
§ 10.6. Styret kan kalle inn medlemmar/komitear etter behov på styremøter.
§ 10.7. Styret avgjer kor stor sum det til ei kvar tid skal vera i kassen.
§ 10.8. Styret oppnevner etter behov utval / personar for spesialoppgåver.

§ 11. SANKSJONAR
§11.1. Styret skal gripe inn i evt. hendelsar og oppførsel frå medlemmane som ikkje fremjer samarbeid og kameratskap i klubbsammenheng.
§ 11.2. Styret kan nytta ulike sanksjonar, dersom medlemmene overtrer vedtektene.
§ 11.3. Styret kan nytta muntlige advarslar, skriftelige advarslar, inndraging av klubbhusets nøkkel, forbud mot å bære ryggmerke, utestenging frå klubbhuset i ein periode, eller ekskludering.

§ 12. LOVENDRINGAR
§ 12.1. Endringar i desse vedtektene kan berre gjerast på ordinært eller ekstra ordinært årsmøte etter å ha vore ført opp på sakslista.
§ 12.2. Endringar av vedtekter krev 2/3 fleirtal av dei frammøtte.
§ 12.3. Endringane i vedtektene blir gjeldande etter at årsmøtet eller det ekstrordinære årsmøtet er avslutta.
§ 13. OPPLØYSING
§ 13.1. Oppløysing av Hardanger Mc Klubb kan berre vedtakast på ordinært årsmøte.
§ 13.2. Forslag om oppløysing må vere ført opp på saklista.
§ 13.3. Oppløysing krev 2/3 fleirtal av dei frammøtte.
§ 13.4. Dersom det vert vedteke å løyse opp klubben, skal det haldast ekstraordinært årsmøte ein månad seinare.
§ 13.5. For at klubben skal oppløysast krevst det 2/3 fleirtal på det ekstraordinære årsmøtet også.
§13.6. Samanslåing med andre klubbar ser ein ikkje på som oppløysing og vert vedteke på same måte som vedtektsendring.
§ 13.7. I tilfelle oppløysing vert klubben sine aktiva/ midlar overført til Kvam Herad. Desse midlane skal vere øyremerkt arbeid for ungdom.

Revidert 02.02.2018


 
 
©Hardanger MC-Klubb