 |
I år
som ifjor var treffet lagt til Haukås i Strandebarm.
Etter vårt syn en nydelig (og ideell) stad; eitt flatt
område som ligg ca. 300 m.o.h., ved eitt vatn, og med
næraste nabo over 450 meter unna. |
Dei to
ivregaste gjestane våre kom allereie torsdag, like
deprimerte over veret som oss. Like greit å overnatte i
rubbhallen første natta! Det gjorde arrangør-folket
òg. Grått og vått ver gjorde sitt til at det ikkje
akkurat var kø ved innmeldingsbua fredag. Men det seig
på med syklar, og i løpet av dagen kom det 76 personar. |
|
 |
Samlingsstaden
i år var utan tvil den store hallen. Der var det godt og
varmt, bar, mat og tre steg unna levande musikk med
bandet Hard Days Night. Avslappa og god stemning, og som
alltid var det sjelar som heldt ut og ut og ut, og dei
held sikkert ut enno... Imponerande! |
Lang laurdagsfrokost for dei som hadde behov for fast føde, og anna for dei som hadde behov for det (skjenkeløyve frå 09.00 - 02.30). det kom nye gjestar jamt og trutt heile dagen, og totalt var det 106 syklar og 134 personar innmeldt i løpet av helga. |
|
|
Fellesturen - den kortesjen var ikkje akkurat lang - gjekk til Øystese med bl.a. omvisning i klubblokalet. Utpå ettermiddagen dukka villsvin-manne opp med middagen. Svinet smakte! Den tradisjonelle tautrekkinga gjekk føre seg både over og under tauet. Vestafjeldske Hjulryttarlag m/venner vann (kva skulle Hjulryttaren gjort utan alle vennene...) Ellers skal Os Mc ha skryt for engasjert og energisk tautrekking der resultatet var tre stykk Born To Be Free-medlemmer rett i gjørma. (Ein - To - Tre - SLEPP!) Men damene klarte ikkje å stilla eitt einaste ølstafettlag. Skjerpings! Treningsleir? |
NAF MC Trondheim var lengst køyrde klubb, og hadde og vinnaren av for lengst køyrde mann. Største klubb var Kvinnherad Mc. |
|
Bandet entra scenen att i ti-tida om kvelden og derifrå og ut i dei små timar var stemninga upåklageleg. Gunnar sin "Glasnost-perestroika" må utnevnast til årets treffslager! |
|
|
Avreisedagen kom nok litt brått på for enkelte, men ein god frukost er (kanskje) god hjelp på vegen. Folk fekk i allefall godt ver med seg heimatt, og me fekk rydda utan regnklede. |
Lillian E. Skulstad, Hardanger MC-Klubb |